Dokka 220120 |
Det er aldri kjekt "å måtte stå dar"... Og som eg skreiv i går har siste månadane fortona seg akkurat som det. Utan her å gå inn på dei ymse helsemessige utfordringane eg har stått over for sidan mai i fjor (dei som kjenner meg veit vel litt...). Det eine har visst drege det andre med seg. "Ting tek tid" eller "ta tida til hjelp" er visst kasuset om dagen. Så no får eg berre rette fokus framover. Ny bil og Kretabillettar til sommaren i boks er ein god start. Så får neste fjelltur kome når det lagar seg med vèr og vind...
RAV 4 Plugin (med bensintank i reserve har eg ikkje tenkt "å stå dar" - om verda og kroppen er aldri så "elektrisk" etter korona og vaksine...) |
Rethymnon Kreta |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar