tirsdag 1. februar 2022

Toreheia

På veg til Toreheia

Frå ein utførleg turblogg til Eitrenipa i går, tek vi i dag med ein bildeserie frå høgste fjellet på Stavenesodden. Det er Toreheia med sine 717 moh. Kanskje blant underteikna sine topp tre toppar i kommunen. Ikkje minst på grunn av den fantastisk flotte turen opp. I eit ope og oversiktleg landskap utan tyngre tekniske inngrep. Flotte vatn. Og ei umåteleg nydeleg utsikt til hav, øyar og solnedgang. Både sommar og vinter. 

Som med oss alle blir dette med favorittoppar gjerne noko subjektivt. Ikkje minst sett når ein talar om sine eigne heimfjell... Området rundt Toreheia har likevel i det siste fått særs gode tilbakemeldingar frå turgåarar heimehøyrande i andre kommunar.

Toreheia har flotte og greie ruter opp. Det er merka sti frå Yndestad i Stongfjorden (ein brukar ein del av ruta til Skylefjellet). Her tek du av ved hytta ved Svartevatnet (merka med skilt). Og ovanfor kan ein velge ei sørleg ruta over Yndestadhøgeheia eller gå via Krikavatna og opp dalen. Begge delvis merka. Landskapet er så ope at ein alltid greier å orientere seg (utanom i skodde sjølvsagt). Frå den gamle kopargruva i Vågane kan du òg gå opp frå aust. Først opp bakkane til Ytrevågefjellet, som vi kjem tilbake til, og vidare vest ned dalen og opp. 

Her er ein bildeserie frå Toreheia. Ein av underteikna sine absolutte favorittar. Bilda gjer seg best på stor skjerm i HD. Hugs musikk.




Ingen kommentarer: