Hytta ved Krikavatnet står fint etter stormen. Toreheia i bakgrunnen, |
Toreheia dukkar opp av skodda |
Tilbakeblikk mot Skylefjellet |
Endeleg tilbake på fjellet! På dagen 3 månader etter handleddsbrotet. Kjempeflott tur til Skylefjellet og Krikavatna! Og endeleg sol og kvite vidder. Fantastisk! Jai jai jippi jippi jai.... som vi sang i gamle dagar. No har eg stort sett gått turar på Solsidevegen kvar dag. Lengste ruta og heim igjen tek vel 1,5 time eller noko slikt. Men det blir jo noko heilt anna å kjenne sveitten sile igjen oppe på fjellet.
I dag vart det god bruk for trugar. Heilt frå Rinda og vidare nordover til Svartevatnet, Mangevatna og til toppen. Det låg vel ein 15-20 cm snø. Litt avblese på hamrane. Fint trugeføre. Sjeldan så vindstille som i dag. Og jammen braut sola gjennom skodda så fjella og vatna glitra i reine eventyrheimen! Slik som berre dette området her heime kan. Ja det vart reine påskestemninga då sola smelta snøen frå hytteveggen ved Svartevatnet.
Etter å ha toppa ut Skylefjellet bestemte eg meg for å gå til Krikavatna òg. For å sjå til at hytta her oppe stod etter stormen hi helga. Det er vanvittig vèrhardt i dette området. (Takhellene flaksa jo heime). Hytta er difor bardunert. Litt spanande var det å kome over siste toppen og sjå at hytta stod som før.
Sidan det var første turen i høgda på 3 månader fann eg ut at dette var nok. Toreheia der oppe fekk vente. Så då gjekk eg ruta ned igjen til Svartevatnet og heim. Fantastisk å få kjenne på fjellkjensla igjen! Meirsmak deluxe 😃
Heime igjen... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar