lørdag 5. februar 2022

Brendeheiknappen

Flott utsikt til Blegja frå Brendeheiknappen...


...og Fossedalshengenipa og Kringla

Brendeheiknappen til høgre
 


Brendeheiknappen i Fossedalen er ein grei og relativt enkel tur å gå. Frå brufestet ved Otterstein og via Fossevika til Fossedalen kan ein nå denne flotte toppen. Turen tek ein god times tid. Brendeheiknappen ligg kloss i Søre Kringla. Med utsikt som frå Kringla i lett miniatyr. Her i frå ser du verkeleg kor stor Kringla er....

I høve at fjellet var TiTur post i 2020 varr ruta godt remerka. Stien er også merka som DNT-rute til Massbu. Ved Elraki hytta står det skilt der du tek av frå ruta til Nipebu. Dette er rett før Nedre Fossedal. Det er lett å finne opp til toppen her i frå.  

Det er flott utsikt frå Brendeheiknappen. Som vist på bildevideoen og bilda ovanfor. Utanom dei kjende fjella i nord ligg Laukelandshesten i aust og Sætenes og Dale i sør. Nedre Fossedal i vest. Har du ikkje vore på Brendeheiknappen er dette absolutt ein tur å anbefale. Gjerne for heile familien. 


Ingen kommentarer: