| Panorama mot vest - her ser vi mange kjende fjell... |
Blegja med sine 1304 moh er høgste fjellet i Askvoll kommune. Fjellet er synbart frå dei fleste andre fjella i Askvoll. Toppen og Heilevangstaurane er elles lette å kjenne igjen frå alle himmelretningar.
| Heilevangsstaurane mot aust |
| Heilevangsstaurane og Blegja midt i bildet sett frå Rimmane på Holsa. Vi ser også Atløy, Heileberget og Storehesten t.v og Håsteinen t.h. |
Det er fleire ruter til toppen. Felles for alle er at dei er krevjande. Noko detaljert bekriving av rutene vil her føre for langt. Men den mest nytta sommar-ruta er frå Rørvika i nord. Ruta er skissert her. Dette er den klart kortaste vegen til toppen. For meir erfarne fjellfolk kan denne også nyttast vinterstid.
| Det er noko klyving i urane mot toppen på ruta frå Rørvika |
Som påsketur på ski er det elles flott å gå frå Solheimsdalen i aust. Eller frå Hjelmeland eller Kårstad i Bygstad. Då går ein nord for Storehesten og føl høgdedraga vestover til Heilevangstaurane og til toppen. Ei fin påskerute er også å gå frå Berge i Bygstad, og opp Marifjell vest om Storehesten, og vidare vest til toppen. Frå sør kan ein også gå frå Hestad. Gjerne meir som ein sommartur. I likskap med å gå frå Dale, via Fossedalen og austover Blåegga, Synste Stauren og til topps. Gjerne med retur ned ruta til Hestad. Her er ein klassikar frå den ruta (inkl. bilder og video).
| Frå "påskeruta" til Blegja frå Solheimsdalen Litlehesten i bakgrunnen Foto Agnar Åsnes |
Som nemnd er kanskje ikkje Blegja noko "familiefjell" å rekne. Det er tungt og krevjande for mange å gå i dei relativt bratte urane. Difor er ikkje dette det første fjellet ein gir seg i kast med utan rimeleg god ballast i sekken. Når det er sagt er det klårt at ingen av dei andre fjella i kommunen kan måle seg med utsikta her oppe. Til sju prestegjeld var det sagt ein gong i tida. Såleis er turen vel verdt utfordringa. Og ikkje minst gjer den seg godt på Instagram og Facebook...😃
| Påskestemning på Blegja |
Eg har laga mange bildevideoar og små snuttar frå Blegja. Her er ein eg kom over som berre er med folk. Kanskje i motsetnad til dei andre bildeseriane eg har publisert i det siste. Så her er den..... pluss ein annan! Enjoy!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar