torsdag 10. februar 2022

Indrevågefjellet

Februar: Utsikt til Stongfjorden ved Indrevågefjellet.
Ytrevågefjellet mot høgre. Størdalsstauren midt i bildet. 

Medan vi er i gong med nordsida av kommunen tek vi med oss Indrevågefjellet 644 moh i dag. Dette er nabofjellet til Middagsnipa. Omtala i dette innlegget. Indrevågefjellet ligg over og opp på austsida av Vågeskaret. Bratt opp bakkane frå Osland. Det er også fullt mogeleg å gå opp frå Flokeneset. Eller frå Skjerlia og via Kvamsnipa og Middagsnipa vestover. Ei ruta frå Stordalsfjellet i sør, og over Norddalen, er ei alternativ rute gjerne meir for kjentfolk. 

Naturleg kunst ved Indrevågefjellet
Ytrevågefjellet t.v.

Som med dei fleste fjella i kommunen er det flott utstikt nordover til Florø-kanten og øyriket her. Dessutan nydeleg utsikt ut Stongfjorden (legg merke til solnedgangen om våren). I sør ligg Vardenova, Røyrbotnholten og Smørskornova. I søraust ligg dei flotte Portafjella. Og i aust perlerada av m.a. Blegja, Storehesten, Eitrenipa, N&S Kringla og Fossedalshengenipa. 

Her bildevideo:

Scroll for større kart

Ingen kommentarer: