fredag 11. februar 2022

Portafjellet

Portafjellet med sine toppar sett frå Indrevågefjellet


Utsikt frå Portafjellet mot vest - 
vi ser Moldura og Skålefjellet t.v.
Toreheia t.h. Stongfjorden i midten
Botnastølsvatnet nede t.v.

Sør for Indrevågefjellet og på sørsida av Norddalen aust for Osland, finn vi den fantastisk flotta perla av Portafjellet (sjå kart). Fjellet har to toppar på høvesvis 773 og 776 moh.  Desse er gjerne relativt ukjende for mange. Men med veldig flott utsikt. Og ein karakteristisk utsjånad med sin bratte kant mot sørvest. Fjellet kan du sjå i aust både frå deler av Stongfjorden og frå Osland. 

Portafjellet og Stordalen sett frå vest

Utsikt mot vest - 
vi ser m.a. Dokka, Moldura og Skålefjellet 
Stavenesodden med Høgeheia til høgre

Enklaste og greiaste ruta er opp frå Botnastølen aust for Osland. Og gjennom Porten. Fjellet er også fint å gå på om du kjem frå Rivedalssida i sørvest. Eller om du kjem frå aust via Stordalen og/eller Nipebu. Som kombinasjonsfjell til Stordalsfjellet er dette ein veldig flott tur. 

Utsikta er spesielt fin mot Stongfjorden i vest og dei kjende fjella i aust (sjå video under).   

Ingen kommentarer: