onsdag 9. februar 2022

Ytrevågefjellet

Ytrevågefjellet t.h.
Alden i midten


Toreheia sett frå Ytrevågefjellet - Svanøy i høgre bildekant

Turtips: I dag frå Ytrevågefjellet 667 moh. Det austre av fjella på nordsida av Stongfjorden. 

Som med alle fjella her på nordsida av kommunen, er Ytrevågefjellet eit relativt enkelt fjell å nå. Greiaste ruta av frå dei gamle kopargruvene i Vågane. Rett ved FV 609. Og rett nord for Osland. God sti. Og delvis varda oppover. GPS her. Det er også veldig flott å gå vidare vestover til Toreheia. Ein av favorittane mine som eg skreiv om her. Eller du kan sjølvsagt gå hin vegen og starte på Yndestad. Eller frå Grimelia og via Blåfjellet, Skylefjellet og Toreheia. Ja, i dette flotte og oversiktlege terrenget på nordsida av Stongfjorden kan du gjere turen akkurat så lang som du vil. Heilt frå Staveneset i vest, over alle fjella, og til Vågane.  

Utsikta frå Ytrevågefjellet er som frå Toreheia og dei andre fjella. Med unnntak av at det her er flott utsikt ned til Flokeneset og Vågane. Og til Stavestranda frå stigninga til Toreheia. Ei utsikt dei andre fjella ikkje har. Elles viser eg til bildevideoen. (Som med dei andre bildevideoane eg har publisert gjer denne seg best i HD på stor skjerm. Hugs musikk).


Zoom i kart for oversyn

Ingen kommentarer: