lørdag 5. februar 2022

Fossedalshengenipa

Rute til m.a. Fossedalshengenipa frå Fossedalen

Ruta til m.a. Fossedalshengenipa t.v. frå Skorva 

Utsikt frå Fossedalshengenipa med m.a. ruta frå Fossedalen

I styggevèret har eg sett i hop ein ny bildefilm frå Fossedalshengenipa. Ovanfor har eg teikna inn aktuelle ruter. Både frå Fossedalen og Skorvemarka. Anten ein kjem frå sør eller nord er det ryggen mot aust som er den aktuelle ruta opp. Noko anna er ikkje forsvarleg for "folk flest". 

Ruta frå Skorvemarka føl den DNT-merka stien til Nipebu. Det står skilt til Fossedalshengenipa rett nord før oppstigninga til ryggen. Her føl ein berre vardane vidare oppover. Det er umogeleg å gå feil. 

Frå Fossedalen føl ein stien til Krokavatnet. Går over kloppa i sørenden av  vatnet og vidare nordvest til Kyrahellaren. Over austenden på elva som renn ut av Svartetjørna og opp til Svartetjørnhellaren. Deretter nord til Stølsdalshellaren og ned i Grøndalen/Stølsdalen, over den, og til austenden av ryggen og opp. 

Utløpet av Svartetjørna der stien passerer - 
Kyrahellaren midt i bildet

Fossedalshengenipa frå Kyrahellaren nordvest for kloppa på Krokavatnet

Ruta via Fossedalen er ein del lenger enn frå Skorvemarka. Fram og tilbake frå Otterstein gjerne 5-6 timar. Nord frå Skorvemarka går ein gjerne denne turen på 3-4 timar alt etter form og pausar. Etter det eg ser på ut.no er ikkje desse rutene innteikna. Jmfr. såleis skisserte ruter ovanfor. Elles er det alltid høve til å kome frå Nipebu å gå opp ryggen som vist ovanfor. 


Det er utmerka utsikt i alle himmelretningar frå Fossedalshengenipa. I sør mot Fossedalen og Heileberget. I aust kjende fjell som Blegja, Storehesten, Eitrenipa, Nordre og Søre Kringla og Laukelandshesten. I vest ligg heile området mot Nipebu. Endå lenger ut til havet. I nordvest mot Stordalen. Og i nord til Markahengenipa og Florøkanten. Sjå bildevideo under. 

Ingen kommentarer: