fredag 11. februar 2022

Trugetur i laussnø

På med trugane til fin utsikt

Rennefòk og minusgrader gjorde toppen kjøleg i dag...

Mangevatnsnipa

Med bra vèrmeldingar på føremiddagen gjekk eg turen opp igjen på Skylefjellet i dag. Det var kome ein god del meir laussnø sidan sist. Så sveitten fekk eg no løyst seg.... 😊

Elles bles det som vanleg noko på toppen. Med vind og minusgrader blir det sjølvsagt fort kaldt når ein i tillegg er litt sveittelagd. Så turen gjekk kjapt ned bakkane til Mangevatna og der i frå og heim. 

Reint vinterleg her oppe no. Og meir snø enn det har vore tidlegare i vinter. Men mars er visst snømånaden så då er det vel berre å innfinne seg med endå meir vinter framover. 

Video Skylefjellet 110222

Skylefjellet & Mangevatna 110222 


Ingen kommentarer: