søndag 13. februar 2022

Leknesvatna


Austover langs Leknesvatna.
Blegja, Synste Stauren og Eitrenipa.


Turtips: Tilbake i Skorvemarka og parkeringsplassen ved Markavatnet, er det ein flott tur å gå til Leknesvatna. Vatna ligg nord for Eitrenipa og Fossedalen (sjå kart). Du går opp kraftvegen til endes og over brua. Til høgre rett nedanfor går stien til Nipebu (står skilt). Men det er ikkje denne du skal følge for å gå til Leknesvatna. 

Du held så berre fram på god sti opp til ein hammar med ein wire du må halde deg i for å kome deg opp. Eit stopp må først til under den vakre Eitrefossen. Elva som renn ut frå vatna deler fossen i to like fossar. Litt lenger oppe renn elva ut frå vatna i små fossefall og over i lagune etter lagune. Her er det nydeleg utsikt vestover til Skjerlia, Mandelia og Hatlelia. Vidare nordvest-over til Florøkanten og øyriket her. Snart dukkar også Fossedalshengenipa og Heileberget opp i sør. Den flotte ryggen og toppen på Eitrenipa kneisar i søraust. Og beint i aust Blegja. 

Eitrefossen

Idyllisk ved lagunane frå Leknesvatna
Eitrenipa i bakgrunnen

Utløpet av Leknesvatna på toppen av Eitrefossen

Vandringa austover langs vatna på god sti er pur glede. I aust deler så vatna seg i ei lita elv. Her er det bru. Og veldig flott å ta seg ein rast. Har du med fiskestong kan du vere heldig å få det ein god middag. Murane etter Leknesstølane kan du elles sjå litt lenger aust (sjå bildeserie under).

Ved vadet på Leknesvatna

Å gå til Leknesvatna er ein fantastisk fin tur. Området er elles inngangsporten til den vakre Eitrenipa. Men er ein flott familietur i seg sjølv.  

 

Ingen kommentarer: