tirsdag 8. februar 2022

Fanafjellet

Vinter og soloppgang på Fanafjellet

ds

Som turmål er Fanafjellet med sine 722 moh eit lett og greitt "familiefjell". Det ligg rett nord for Moldura. Ovanfor Stongfjorden. Eit fjell ein kan gå på som eit "kombinasjonsfjell" til Moldura. Men òg fint å gå på i seg sjølv. Den enklaste ruta er frå vassverket i Holmedal og via Hålandsstølen/Tveitstølen og opp Fagredalen. 

Ruta som underteikna går mest er den som startar frå Neset til Moldura. Ein tek av frå denne ruta rett vest om Langevatnet (sjå kart). Ovanfor skoggrensa står det vardar heile vegen oppover. Denne ruta har havutsikt det meste av vegen. Som nemnt i innlegget om Moldura .

Fanafjellet oppe t.v. sett frå Nordre Mannskaret
(DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu kjem opp her)

Fanafjellet ligg elles gunstig til om ein kjem lenger aust frå Mannskaret og Siklebergvatnet. Ja, fint som ein avslutningstopp om du har gått frå Nipebutraktene òg. 

Det er flott utsikt frå Fanafjellet. I sør ser ein Dalsfjorden og Straumsnes, Bakkefjellet, Blåfjellssåta og Blåfjellet. I aust ligg Svarthamrane og Skålefjellet. I nord er det fin utsikt til Stavenesodden. Og i nordvest Florø og øyane. Moldura tronar i sørvest. 

Fanafjellet er kanskje litt undervurdert som topp. Som sagt eit fint turmål for heile familien. Sjå kart og bildefilm under.

Ingen kommentarer: