lørdag 12. februar 2022

Driveknolten

Arkiv: Agnar på veg til Driveknolten

ds

Flott utsikt til Fossedalshengenipa og Eitrenipa frå Driveknolten
Nipebu i venstre bildekant

Turtips: Driveknolten med sine 727 moh ligg midt på Heileberget mellom Rivedal og Otterstein. Fjellet har to toppar. Ein mot sør og ein i nord.

Det er to hovudruter hit. Frå vest og aust. Anten frå Rivedal eller Dale/Otterstein. Førstnemnde skissert på ut.no Fjellet er i år post på fjelltrimmen i AHIL (Askvoll og Holmedal idrettslag) og godt merka frå Rivedal. Den andre ruta du kan følge går via Fløyen og vestover. Omtala her. Veldig godt merka til Fløyen. Og umogeleg å gå feil til Driveknolten. (Utanom i skodde sjølvsagt). Ei tredje rute er å gå frå Nipebu. Driveknolten ser du beint i sør. Denne ruta er ikkje merka. Å gå frå Rivedal over Driveknolten og til Otterstein, eller omvendt, er ei super turrute! 

Driveknolten t.h. på ruta frå Rivedal

I likskap med resten av Heileberget og Fløyen har fjellet ei fantastisk utsikt til Dalsfjorden og bygdelaga ikring. Eine toppen med best utsikt sørover. Den andre nordover. Sjå bildeserie.  

Ingen kommentarer: