onsdag 19. oktober 2022

Soloppgang over Holmedal


Soloppgang over Holmedal i dag.
Vi ser Dalsfjorden og Flekkefjorden i morgonskodde

Sola spratt i aust då eg starta turen frå vassverket i Holmedal i dag tidleg. Med Dokka som turmål igjen. Fantastisk! Ein perfekt haustdag! Rett nok fortalde den frosne bilruta heime på tunet at det kunne vere glatt i høgda. Det stemde. For med is og frost på hamrane oppover ranen i aust var det ei aldri så lita utfordring å ikkje fare hovudstups...  Men det gjekk rimeleg greitt å trakke utom isen og nytte dei opptørka berga i staden. Og ikkje verre enn at eg fekk nyte den nydelege utsikta til Dalsfjorden og Holmedal. Litt skodde låg det som vanleg langs fjorden ein slik kald haustdag. Spesielt inn Flekkefjorden. På toppen var det elles heilt vindstille. Nesten for godt til å vere sant...😄 


Sola sprett over parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal i dag tidleg

Det fine med denne turen er at ein har sola på heile ruta oppover. Det same nedatt Grønene eller om Nyksvatnet. Greitt å velge ein slik tur når ein tek årstida og det fine vèret i betraktning. Ned igjen frå Vikastølen gjekk eg såleis berre i ei tynn trøye i den lune haustsola. Elles traff eg fleire personar nedom stølen. Dei fleste truleg på veg til dagsturhytta denne utruleg flotte haustdagen.  

Vikastølem

Ingen kommentarer: