Soloppgang frå ranen på Dokka - lett frost på Straumsnes og i Holmedal |
Nydeleg utsikt til kjende fjell i aust |
Fantastisk flott tur på Dokka i dag. Rundt null grader i Holmedal, klårt og vindstille. Soloppgangen fekk eg som planlagt oppe på ranen i 09.30-tida. Med nydeleg utsikt ned igjen til dei rimlagde bygdelaga langs fjorden. Medan her oppe låg landskapet bada i reinaste gull....
Det gjekk fint oppover den fastfrosne stien. Litt is her og der, men heilt greitt å stige utom. På toppen var det ein liten austatrekk. Greitt å få skifta ut ei sveittevåt trøye med ei tørr ei. Og ta på dunjakka.
Ned igjen gjekk eg stien til Grønene. Her er det panoramautsikt til fjella i aust og til Bakkevatnet, Rivedal og Dale. Nydeleg adventstur!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar