torsdag 29. mars 2007

Engel i solnedgong


Nydeleg tur på Blåfjellet med madamen i solnedgongen i kveld....:-)
Romantikken blomstrar i slike omgjevnader.

Det gjekk heilt fint inn på Blåfjellet berre ved å bruke turjoggesko på føtene. Det er vorte veldig tørt i bakken siste dagane og bruk av eld er ein risikosport.

Det er rart å sjå kor mykje snø det endå ligg på sørsida av Stongfjorden mot Moldura og Skålefjellet, når nesten alt er vekke på Blåfjellet og mot Toreheia på nordsida. Det har sjølvsagt med sola å gjere, men eg trur og at havlufta frå Stavfjorden slær sterkare inn over fjellet på nordsida og som gjer at snøen minkar fortare.

Det er utruleg kjekt å bruke nordsida av Stongfjorden på denne tid av året. Då slepp eg å vabbe i snø eller å bruke ski..Det blir liksom litt meir kav ut av det - iallefall når eg samanliknar med det å berre springe ut av stova og opp i fjellet, og helse våren velkomen i joggesko!

Vi dansar mot vår - yre som småkalvar som blir sleppte ut om våren...
Lyset og sola har som kristtornen på tirsdag magiske krefter!

Herleg!

Vardane "mine"

Ingen kommentarer: