lørdag 6. juni 2020

Andre heimen - eller "home is where the heart is"...






Eg køyrde meg ein morgontur til Dale igjen for ein rask tur på Jøtelshaugen. Som del av ei runde to på TiTur Dalsfjorden 20. 




Det var lettskya og lite vind. Passe temperatur. Tørt og fint i fjell-joggesko. Nydeleg utsikt til Dale og ut Dalsfjorden. Og ikkje minst til fjella og fossane på nordsida av fjorden. Også til Jarstadheia, Stav og Berge. Så sprang eg for det meste ned igjen på Dalsåsen. Mykje av ruta går jo på skogsveg og gjennom granskog, så der er det ikkje så mykje å sjå akkurat... Deretter ein tur nedom Allmuen for to skillingsbollar og heim igjen. Flott morgontrim... 😃

Foto Jøtelshaugen 060620



Ingen kommentarer: