lørdag 27. juni 2020

Herleg i høgfjellet

Flott morgonstemning over Valdresflya på turen til Beitostølen.
Synshorn 1475 moh i bakgrunnen 

Lauvbu ved Vinstervatn.
Storeskag t.h. 

Ved Lauvbu ved Vinstervatn

Herleg med fjell-bad

Myggen blir heldt i sjakk med gode klede...
Olaug, Bergljot og Torgeir.

Motiv Valdresflya

ds

Vi avslutta ei lita rundreise i Sogn, Sognefjellet, Lom og Lemonsjøen ved å reise til Skåbu, og vidare Jotunheimvegen til Lauvbu, ei lita fiskebu ved Vinstervatn. Eit godt fiskevatn. Bua eig Bergljot, syster mi, og Torgeir. Men så mykje fisking vart det ikkje i går. Dessto meir sosialisering på terassen. Og mygg! 

Vi måtte kle myggen ute.
Her Torgeir.
For det er visst tida for mygg der oppe no. 14 dagar etter at isen gjekk. Myggen er intens ei god vekes tid. Og ganske så innpåsliten. Med god myggnetting heldt vi han ute frå bua. Men ut om hus måtte vi "kle" han ute. Kjekt med årets første bad på 1025 moh. Vatnet var forbausande varmt. Sjølv med snø liggjande rundt enkelte plassar. 

Elles artig  sjå ein flokk raudnebbterner så høgt til fjells. I innlandet. Dei er vel i røynda kystfugl. Men trekker sjølvsagt dit dei finn næring. Sjølv ser eg sjeldan terner her heime lenger. 

I dag gjekk så reisa heim att. Vidare via Jotunheimvegen og Bygdin til Beitostølen. Så via Skammestein og Ryfoss, over Valdresflya og Filefjell. Fantastisk biltur i morgonlys over fjellet.  Ein fin første start på ferien. 

Ingen kommentarer: