lørdag 20. juni 2020

Kjekt i Dalstunet







Alle foto mobil

Fin tur til Dale igjen i dag då Dale Musikkorps heldt sommaravslutning i Dalstunet. Grunna korona har det blitt mindre med øving i det siste. Noko mine øyre ikkje la spesielt merke til. Både utval av musikk og framføring heilt topp. Ikkje minst er det veldig kjekt å samlast i tunet til hornmusikk og over ein kopp kaffi og ein skillingsbolle frå Allmuen. 

Her bloggen "Ein song om kjærleiken" frå tunet 15. juni i fjor. Inkl. opning av Rivedal Galleri.


2 kommentarer:

Unknown sa...

Vi i korpset er hjartans einig Gustav! Finfin dag m konsert i Flekke 11.30 og i Dalstunet 12.30. Takk for at du set pris på korpset og legg ut bilete. Arve Arstein, leiar i korpset.

Gustav Skaar sa...

Takk Arve. Alltid like kjekt å høyre dykk. Likte godt repertoaret i dag.