torsdag 18. juni 2020

Morgon over Dokka

Panorama over skodda mot aust

Panorama mot vest

Knall morgonsol
på Dokka i dag
Herleg morgontur til Holmedal og turen opp ranen på Dokka. Retur via Nykshytta og Vikastølen. Tjukk skodde både heime og i Holmedal på morgonen. Som rekna med gjekk eg gjennom skodda oppe i ranen. Faktisk berre etter eit kvarters tid eller så. Perfekt! Ikkje ei sky på himmelen. Varm morgonsol i ryggen til topps. Heilt vindstille! 

Ved Nykshytta på returen var det 3 karar frå Holmedal i arbeid med å bygge veranda til hytta. Inge Hansen, John Lien og Terje Vårdal  i godt arbeid i steikande sol. Flott å sjå slik dugnadsånd. Sjølv var eg diverre ikkje budd på dette i dag.  


Arbeid ved Nykshytta i dag
Elles var det flust med damer på veg oppover til hytta. Både ukjende, lokale og frå Gaular. Kjekt å sjå at så mange finn vegen til både hytta og dei flotte fjella i kommunen. 







Ingen kommentarer: