torsdag 4. juni 2020

I barndomens fotefar

Bakkevatnet i dag -
Dokka og Moldura i bakgrunnen

Eg rusla meg ein tur langs Bakkevatnet i dag. Tok med fiskestonga for syns skuld. Fisk vart det dårleg med. Det visste eg vel egentleg på førehand. Vindstille og midt på lyse morgonen. Så det gav eg fort opp. I staden vart det tid til litt filosofering. I den dørgande stilla.... Om mange somrar i barne- og ungdomstida mi her oppe. 

Den gamle båten vi sette garn frå fann eg i dag òg. På god veg dit han ein gong kom i frå. Og eg fann att diktet eg laga ein gong i tida. Ja, den "sovande" diktbloggen min ligg der visst endå... 

Det er ei underleg kjensle å vandre åleine i barndomens landskap. Tider skal kome og tider skal gå. Di eldre ein blir di meir kjensler får ein vel til si eiga livshistorie... 

Bakkevatnet med pappa
og båten
Med Leif-Arne




Båten i 2013

I fotspor eg hugsar frå ungdommen av
ligg minner frå brannar so sterke
Dei kvervar nok langsamt av tidenes krav
om sinnet seg aldri lèt merke

Men fann deg eg gjorde blant nåler og kratt
du glede frå kjærleikens bogar
Du kjærleg meg fengsla du dyrbare skatt
i saman frå villaste logar

Så brått er vi unge og tida står still
på ungdomens vinger vi reiser
Og blodet det brusar av kjenslene vill
og flagget til toppen vi heiser

Det fossar om baugen i solgangen inn
eit klimaks av raudgløda lyster
Og atter i saman vi havblikket finn
på reisa til vekkløynde kyster

No gøymer eg minna om gullskatten min
som fargerikt landskapen malar
Ein kjærleik finn gravstad i aldrande sinn
i elvar og solrike dalar

Tekst og foto G.Skaar



Ingen kommentarer: