søndag 28. oktober 2018

I havgapet

Alden frå Høgeheia

Askrova
 
Mot Granesundet i sør

Liavika
Vågen

Høgeheia Lia Liavika Vågen 281018






I dag tok eg turen motsett veg på Stavenesodden i frå i går. Eg starta difor i Holevika, og gjekk på Høgeheia, og via Lia og Liavika til Vågen. 

Eg sette bilen min i Vågen, og Olaug køyrde meg så med sin til Staveneset og Holevika. Eg tok turen mest for å skaffe eit gpx spor for ruta på Høgeheia. Dette ligg no på ut.no. Noko John Lien fiksa. Eg har fleire slike spor her ute frå før, men desse viser turen om Furefjellet o.a. 

Elles var veret like fantastisk som i går. Termometeret viste minus 2 heime. Men det var relativt vindstille. Det var ikkje ei levande sjel å sjå. Det einaste eg såg av liv var svermar av trast på trekk. Blir interessant å sjå om dei prøver seg på overvintring i år òg. Mange strauk med i det forsøket i fjor. 

Høgeheia er som før nemnt fleire gonger eit flott turalternativ. Som eg skreiv på bloggen til Fjordkysten tidlegare i haust. I dette området kan du elles gjere turen så lang du vil. Ja, du kan gå til Osland om du vil. Eller det kjekkaste er kanskje motsett veg. 

Ingen kommentarer: