fredag 6. juli 2018

Størst av alt er kjærleiken

Frå ungdomstida med pappa på Bakkevatnet
Bakkevatnet med fjellet Dokka
Eg gjekk meg ein tur frå Boge til Bakkevatnet i dag. Ein fin liten tur i minna frå gamle dagar. Rart kor alt var så mykje større og lenger før enn no. Bakkevatnet var digert. Turen frå Boge lang. Ja, i gamle dagar var det grådig langt til Bergen. Eg gjekk på dampen på kaia i Dale og vakna i Bergen dagen etter. Og Amerika ein draum så langt borte at det nesten var i paradis... I eit barnesinn, og på små føter, er nok dette heilt rett den dag i dag òg. Om dampen er historie som så mykje anna. Men i eit aldrande sinn er nok alt så mykje mindre. Både fjell og natur. Folk òg. Ja, heile verda. Eg har i grunn heile verda i lomma - om eg gidd å ta med mobilen.... Av og til er det godt å sleppe og ta med seg heile verda. Sekken kan ofte vere tung nok...

Ved Bakkevatnet i dag

Sist eg var ved Bakkevatnet skreiv eg eit dikt om den gamle båten som de ser på første bildet. Den låg under nokre grantre. Eg kalla diktet "Fullbyrda reise" på poesibloggen min. Det ligg att restar av båten endå. 

I fotspor eg hugsar frå barndommen av
ligg minner frå brannar so sterke
Dei kvervar nok langsamt av tidenes krav
om sinnet seg aldri lèt merke

Ja fann deg eg gjorde blant nåler og kratt
du glede frå kjærleikens bogar
Du kjærleg meg fengsla du dyrbare skatt
i saman frå villaste logar

Men brått er vi unge og tida står still
på ungdomens vinger vi reiser
Og blodet det brusar av kjenslene vill
og flagget til toppen vi heiser

Det fossar om baugen i solgangen inn
eit klimaks av raudgløda lyster
Og atter i saman vi havblikket finn
på reisa til vekkløynde kyster

No gøymer eg minna om gullskatten min
som fargerikt landskapen malar
Ein kjærleik finn gravstad i eventyr sinn
til elvar og solrike dalar

Tekst og foto G.Skaar

Dei varme og gode sommarminna frå barne- og ungdomstida på Boge lever i beste velgåande.  Sterkare enn nokon gong. For størst av alt er kjærleiken.