tirsdag 10. juli 2018

På dansefot

Utsikt nordover frå Fløyen
Vi ser Fossedalshengenipa og Eitrenipa.
Fossedalsvatnet og øvre Fossedal t.h.

I dag tok eg å testa ut det eg fekk spørsmål om på Mountainsinaskvoll på FB hin dagen. Nemleg ruta frå Fløyen til Nipebu. Så Olaug køyrde meg til Rivedal sidan ho skulle på jobb. Eg gjekk såleis frå parkeringsplassen ved kraftverket klokka 07.30. 

Det var ein aldeles suveren morgon. Blikkstille. Opp gjennom kraftvegen var sola ikkje nådd fram. I berre shortsen reiv det forfriskande i skrotten. Men lenger opp over Hundeheia steikte allereie morgonsola frå ein skyfri himmel. 

På vestsida av Høgknolten stod eit lam å bræka. Både mora og eit anna lam stod litt lenger nord. I den stupbratte fjellsida såg det ikkje heilt godt ut. Men det var rikeleg med mat oppe i skårana, så noko naud har dei vel ikkje soleis.... (foto)


I skaret ved Høgknolten i Rivedal

Det gjekk radig innover. Tørt og fint. Og sidan eg var her sist har John Lien gjort ein fabelaktig jobb med å merke. Både opp over heile Hundeheia og innover til Nonsholten og Fløyen. Eg gjekk mykje denne strekka då Fløyen var trimpost for nokre år sidan. Eg sette då opp ein del steinvardar. Men som vi veit med merking - det er nesten vedlikehaldet som er viktigast. Stenger og vardar blir rivne ned av vèr og vind og sauer, og maling blir viska bort. No er det veldig bra innover Heileberget. Trygt og godt for alle å gå. Ja, Heileberget er jo reine autostradaen innover på dei flotte og flate berga. Her er det berre å peise på....

Driveknolten er egentleg to toppar når du kjem innover Heileberget. Den søndre toppen ser ein frå Dale. På denne sida er det sjølvsagt pang utsikt inn og ut fjorden. På toppen på nordsida er det utsikt til Nipebutraktene og vatna og fjella her (sjå videosnuttar med mobil). 


Driveknolten med sine to toppar til høgre

Utsikt frå Driveknolten S
Inn til Fløyen nådde eg klokka 10. Fantastisk morgon. Stilt på fjorden. Og bygda var vakna til liv. Iallefall høyrde eg ei motorsag. Og ein båt gjekk frå Dale til Holmen. Eg skreiv meg inn i to stk bøker i kassane som var sette trygt og godt opp. Deretter bar det ut att same vegen til eg skar nord til Nonsholten. Her ligg AHIL si trimbok for sesongen. For skam skuld skreiv eg inn namnet mitt her òg, sjølv om eg er slutta å konkurrere for fleire år sidan. 


Dale i Sunnfjord

Morgonstemning innover Dalsfjorden

På Nonsholten er det flott utsikt til Fossedalen. Både til Øvre og Nedre. Ja, ein ser faktisk ein bit av Dalsfjorden og Laukelandsfossen òg. 


Utsikt frå Nonsholten

Så var det å finne ein brukande rute ned til Dalsstoredalen. Eg bestemte meg for å skjere slagt ned retning dalen mot austsida av Driveknolten, Det gjekk heilt fint til å begynne med. Men midt nede i fjellsida hamna eg ut på nokre bratte sva som eg ikkje vil anbefale andre å prøve seg på. Hadde det ikkje vore tørt kunne dette ha vore farleg. Etter at eg kom meg ned "på trygg grunn" såg eg at det beste hadde vore og følgt eit elvefar i ei skår lenger inne. Eller så skulle eg ha heldt fram mot sjølve søkket ned ved Driveknolten. Begge greitt forsvarlege å kome seg ned i Dalsstoredalen (sjå videosnutt). Slik er det når det er bratt. Det er lettare å speide ruter nede i frå enn oppe.

Sjølve ruta over Dalsstoredalen er i grunn ikkje noko problem med å få merka. Her skortar det berre på folk og initativ til å gjere jobben. Utan noko form for merking er det i grunn å gå på retning av Langevatnet. Fossedalshengenipa er vegvisar. Når det gjeld sjølve oppstigninga til Nipebu, så er det tre skar ein kan nytte. I dag prøvde eg det midterste rett aust for Vårdalsstølen. Det gjekk heilt greitt opp. Det beste er likevel å nytte seg av det lenger aust. Då kjem ein opp meir direkte på hytta.


Motiv ved Nipebu

Det var folk på Nipebu. Både på vatnet og ved hytta. For å avpasse til avhenting ved Markavatnet var eg ikkje nedom, men heldt fram direkte til kraftstasjonen. Som tidenes mest presise drosje kom Torbjørn, Peter og vesle Håkon akkurat fram i det eg gjekk gjennom grinda. Utruleg timing. 

Ja, dette var ein nydeleg dag, og ein nydeleg tur. Trackeren på mobilen synte 5 timar og 45 minutt, inklusiv bildetaking og snuttar. Utan pause elles. 

Legg inn en kommentar