onsdag 4. juli 2018

Angrip angrip

Flygemauren sverma i dag...
Eg fekk eit ublidt møte med hordane på tre fjell...
  
I dag gjekk eg den flotte turen frå Oslandsbotnen via Svelia til Smørskornova i Rivedal. Der i frå runda eg Langevatnet på nordsida, og klatra opp på Hekkelfjellet. Vidare ned nordsida her, og nordvest til Svarthamrane. Deretter beint nord til Skålefjellet. Returen til fjorden via Gjerdedalen. 

Botnastølsvatnet låg i dag fullt. Men Svelivatnet var tappa ned til det grusomme. Strandsona var rein erodert ørken. Det ser aldeles forferdeleg ut her oppe når SFE tappar ned slik - for alle til å sjå! Det er ein skandale at det i det minste ikkje er innført ei minstevassføring om sommaren. 

Det er skandaløst kor nedtappa Svelivatnet er no....


I Svelia gjekk det ein heil flokk med kalvar og kyr. Meg vart dei sjølvsagt særs interesserte i. Dei stod nede ved vatnet i sørvestenden då eg kom frå nord, og sprang meg til møtes ved det som var att av elva ned frå dalen. Men særleg tøffe var dei ikkje på nært hald, sjølv om sjefskua med bjølle såvidt lukta på meg. Så var det gjort, og dei la til palings ned att til vatnet. Eg var visst ikkje særleg interessant likevel. Men er du redd for kyr er kanskje ikkje Svelia rette turalternativet no.... 

Leikne kyr på fjellbeite i Svelia

Langt meir ubehageleg var det at både på toppane av Hekkelfjellet, Svarthamrane og Skålefjellet var det full paring av flygemaur. Eg vart "angripen" av gedigne svermar då eg skulle fiske fram trimbøkene som låg i vardane. Med sveitte og solkrem på bar overkropp låg dei att i smørja, ja eg held på å skrive i hundretals, men det er gjerne litt overdrive. Det var ikkje særleg behageleg. Faktum er at Olaug nekta å få dei vekk frå ryggen då eg møtte ho i Stongfjorden etter turen. Eg fekk gå heim i dusjen å skåle dei av...! Vel, svermande flygemaur i manisk paringsleik er vel og bra det. Diverre gjekk det dårleg med dei som prøvde seg på meg...😊

Deler av Langevatnet mellom Rivedal og Holmedal
Smørskornova i bakgrunnen.

Det var varmt i dag. Og tørt. Knusktørt. Likevel låg det att nokre snøfonner øvst på skuggesida i skaret opp frå Svelia mot Smørskornova. På Skålefjellet låg det òg att nokre snøfonner. Eg fekk såvidt fyllt saftflaska mi i første elva ned frå Skålefjellet. Det rann såvidt av denne til tider svære elva. Akkurat det var ei sælebot. Då hadde eg som vanleg gått for lenge utan å drikke. Trackeren på mobilen viste 4 timar og 40 minutt. Utan pausar. 

Varmt for sauene på fjellbeite i dag.
Her på skuggesida av Smørskornova





Ingen kommentarer: