fredag 4. oktober 2019

Luksusdagar

Nedre Fossedal i dag tidleg

Vassenden på Fossedalsvatnet.
Eg var oppom f.v. Eitrenipa, Nordre og Søre Kringla i dag
   
I dag henta eg igjen bilen som stod ved Markavatnet etter turen på onsdag. På den måten at eg tok skulebussen frå Askvoll til Dale kl 08.10 og gjekk motsett veg. I det høve vart eg overraska over kor mange ungdommar som skulle til vgs i Dale. Eg fekk så avtalt med bussjåføren frå Sande, som eg kjende frå før, at han sette meg av på Otterstein. Ein koseleg og sosial busstur (for dei som kjenner meg sånn nokolunde så veit dei at eg jobba i banken på Sande i mange år. Nærmare bestemt 12).

Eg gjekk så stien frå Otterstein til Fossevikja, opp kleivane, og til Nedre Fossedal. Standardruta. Fotosession. Så vidare den vanlege austsida av Fossedalsvatnet til Øvre Fossedal (eg gjekk hi sida på onsdag). Ganske vått. Ein del gjørme. Eit par plassar langs vatnet var steinmuren fallen ut (dette skulle vore ordna). Elles godt opptrakka. På onsdag tok eg meg ein rask kik i turboka som eg henta for å sjå trafikken som har vore sidan mai. Heile 360 namn var registrerte. Veldig bra!

Øvre Fossedal og Eitrenipa

Frå Øvre Fossedal gjekk så turen opp langs Insteelva til skaret på Søre Kringla og opp dette. På toppen var det ein sur søraust trekk i dag tidleg. Vasspyttane var frosne på i løpet av natta. Og berga var isete der dei ikkje var tørka opp. Eg tok nokre bilder, gjekk ned igjen i slukta mellom Søre og Nordre Kringla, og opp igjen på sistnemnde. Same procedure. Så ned nordsida, opp fjellet igjen og nordover til Eitrenipa. (Ruta frå Nordre Kringla til Eitrenipa kryssar DNT-stien til Massbu frå Nipebu i skaret som går opp frå Botnatjerna. Om du skulle bli overraska over raudeT-ar her). 

Frå Nordre Kringla

På oppfordring, og i bakhovudet i dag, hadde eg både sau og geiter. Og med kikkert i sekken tok eg lengre og nøye overblikk over landskapet mot vest både frå Nordre Kringla og Eitrenipa. Til Nipebutraktene, Fossedalshengenipa, Markahengenipa, langs Krokavatnet og heilt nordover til områda langs Leknesvatna. Eg keik òg etter sauer langs Høgefjellet, Bjørnastigvatnet og innover Blåegga. I det strålande vèret var det diverre ingenting å melde. Når sant skal seiast så var det einaste levande eg såg på heile 6-timar turen eit heipiplerkepar som hadde utsett sydenturen. Kanskje ikkje så rart så fint som det var langs Fossedalsvatnet i dag....

På onsdag var eg oppom Fossedalshengenipa

Vel, i ly av vinden på Eitrenipa åt eg meg eit par skiver. I tørr og solvarma lyng. Med panoramautsikt til Skjerlia, dei fantastiske fjella mot vest, vatna, og havet og øyane i vest/nordvest, Florø i nord, Førdefjorden, Høgefjellet, Blegja, Blåegga og Storehesten i aust, ja og Dale, Kringla og Heileberget i sør. Eg har alltid tykt at Eitrenipa er fjellet med den flottaste utsikta i kommunen. Ja, for vi ser ein bit av Dalsfjorden òg...😊

Smakar med brunost i lyngen

Utsikt til Skjerlia og øyane i Flora (Kinn) frå Eitrenipa 

Parti av berga ned på nordsida mot Leknesvatna, var som på Kringla, frosne på. Her er det òg nokre våte og mosegrodde sva som ein må vere litt obs på. Det gjekk likevel rimeleg greitt å trakke utom der berga var tørre. 

Så stod reine desserten att - lang Leknesvatna. Obligatoriske bilder ved brua over elva mellom vatna. Og langs nedste vatnet mot vest. 

Ved brua over elva på Leknesvatna

Nok ein fantastisk tur i det flottaste turterreng ein kan tenkje seg. Utruleg heldige er vi som har dette rett utanfor stovedøra. Likevel - ein skulebuss er hendig å ha. Også for oss pensjonistar...😃


Ingen kommentarer: