onsdag 2. oktober 2019

TiTur Dalsfjorden - Øvre Fossedal

Selfie frå Fossedalshengenipa i dag tidleg

Utløpet av Svartetjerna
Fossedalshengenipa i bakgrunnen

Fossedalshengenipa teke frå under første hellaren

Øvre Fossedal
Nordre og Søndre Kringla
  
Fossedalsvatnet
Heileberget og Fløyen i bakgrunnen
 
Vassenden på Fossedalsvatnet
Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla
 
Fossedalsfossen

I dag var det tid for å hente inn att boks og trimbok for TiTur Dalsfjorden i Øvre Fossedalen. Boka eg la ut 3.mai. Sesongen var slutt i går 1.oktober. Dette på oppdrag av John Lien. 

Som då eg la ut boka gjekk eg frå Skorva/Markavatnet til Krokavatnet. Deretter opp DNT-stien som går mot Nipebu. Tok så av frå denne oppe under Fossedalshengenipa og gjekk turen opp ryggen på fjellet. Klokka runda vel 10 på morgonen oppe på toppen. Relativt kald søraust vind, men sol. Lenger inne i fjella låg det snø både på Blegja og Storehesten. 


Krokavatnet, Eitrenipa, Blegja og Storehesten
(legg merke til foldane i fjellet t.v. for Eitrenipa)

Deretter ned att ryggen og mot sør. Så over hamrane i starten på ryggen, og ned og opp Grøndalen. Så austsida av Svartevatnet, og via hellarane nordvest av Krokavatnet, over kloppa, og ned til Øvre Fossedalen. Ei flott rute som eg brukar no og då. Men her er ikkje merka (sjå gpx-fil på kart nederst).

I Øvre Fossedalen traff eg forresten Karina og Trym Helle. Morgonfriske og lette på foten. Dei var på veg til Eitrenipa. Vi slo av ein prat i det flotte vèret. Her er dei: 


Karina og Trym Helle

TiTur boksen med innhald, som hang på brua over elva ned under hyttene, fekk eg plass til i ryggsekken. Eg valde så å gå vestsida av Fossedalsvatnet. Det er flottare utsikt til Øvre Fossedalen, Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla her i frå enn hi sida. I tillegg meir solrik vår og haust. Det ein likevel må vere klar over er at ein må over vassenden på Fossedalsvatnet. Har vatnet stor vassføring må ein gå ned og vest om fossen og over brua. I dag valde eg å hive av meg skorna og vasse over utløpet. Dei nye Meindl Vakuum fjellskorna var framleis heilt turre...! 


Meindl Vakuum t.v.

Eg sat litt her på berga ved vatnet og tørka opp føtene. Så gjekk eg ned i Nedre Fossedalen og ein tur bortom fossen for å ta nokre bilder. I dag var eg også ein tur bortom ELRAKI hytta ved stien lenger nede før turen gjekk til Fossevikja og Ottersteinen. 


ELRAKI

Så vart det ein tur på asfalten og gjennom tunnelane til Dale. Og fekk meg ein prat med Dag Haugen på vegen og Asbjørn Eikerol på Allmuen. Og ja ein skillingsbolle òg før eg tok skulebussen til Askvoll. Peter skyssa meg så heim etter arbeid. Fantastisk tur. Og ei fantastisk rute dette. 


Nedre Fossedal i dag


Fossevikja 
I morgon er planen å ta skulebussen frå Askvoll til Dale... Å gå motsett veg. Det vil seie nesten. Kringla, Eitrenipa og til Leknesvatna er planen. Før eg kan plukke opp bilen ved Markavatnet igjen. Det gjeld å nytte godvèret... 



Ingen kommentarer: