tirsdag 8. oktober 2019

Dagens prosjekt

Stordalsfjellet t.v
Vi ser mot Heileberget, Nonsholten og Driveknolten

Aust for toppen av skaret under Portafjellet
Ein bit av Stordalsfjellet t.v.

Skaret i sør under Portafjellet

Botnastølsvatnet
Skålefjellet oppe 

Oslandsbotnen
I bakgrunnen oppe Yndestadhøgeheia, Toreheia (toppen skjult) og Ytrevågefjellet

Det tok ein god og hard dags arbeid å merke den nye fjelltrimløypa til Stordalsfjellet i dag. Den startar i Oslandsbotnen. Går vidare opp Brekka til Botnastølen. (Kraftvegen opp hit seier seg sjølv). Ved brua over elva på Botnastølen startar så merkinga. 

Ruta tek så av frå stien til Svelia omlag 100 meter lenger oppe i lia (det er godt merka her). Og går så vidare opp til venstre til Porten. Så opp dalen under Portafjellet og opp skaret i sør. Deretter aust til Stordalsfjellet. Det er sett opp nye stikker og vardar som er måla. 

Det var delvis opplett på turen. Men på toppen var det både skodde og regn (sjå foto). På heimtur nokre minuttar seinare vart det egentleg ganske fint. Godt kva som er gjort...😇








Ingen kommentarer: