fredag 18. oktober 2019

Utfordring - glatt, frost og skodde

Morgonstemning ved Førdefjorden

Panorama morgonstemning

Skodde og frost på toppen av Blegja i dag

ds - i røynda ugjestmildt

haust ved Førdefjorden

ds


I dag vart det høve for å byte ut fjelltrimboka på Blegja. Har hatt den liggande i kjellaren nokre dagar.  Eg tok boka "med på kjøpet" saman med bøkene på Indrevågefjellet og Stordalsfjellet. Ein jobb for Askvoll og Holmedal Idrettslag (AHIL) fjelltrimgruppa i høve den nye fjelltrimsesongen. Primus motor Dag Tore. 

Det er sjølvsagt ei litt større utfordring å gå på Blegja enn dei andre fjella i kommunen. Spesielt no seinhaustes. Dette fekk eg forsåvidt erfare i dag. For det første var det vått og sleipt oppover etter høljregnet i går kveld. Og for det andre var denne væta frosen på oppe i urane i det alpine landskapet over omlag 1000 moh. Det er absolutt ingen spøk å vrengle ein fot eller det som verre er her oppe. Spesielt når du går åleine. På denne tid blir ein veldig fort nedkjølt om det skulle skje noko. Så det var med største varsemd eg tok meg opp og ned der i dag. Og det gjekk ein time lenger tid enn eg hadde trudd. 

På toppen var det diverre berre skodde i dag tidleg. Kjedeleg. Ikkje det - utsikta frå Blegja har eg sett mange gonger før. Så etter å ha bytt både bok og klede der oppe bar det ned att same vegen. I dei glatte urane. Og dei glatte steinane lenger nede mot Rørvika. Faktum er vel at det hadde vorte ein noko smidigare og lettare tur med snø kontra frost der oppe. Men no er no oppdraget fullført så får det kome det som komme må. Eg har ikkje noko spesielt behov for å kome meg opp att her før til våren...😃



Foto Blegja 181019

Bilder frå Blegja 14/6 i år

Ingen kommentarer: