søndag 13. oktober 2019

Supersøndag og nye fjelltrimpostar

Flott innover Dalsfjorden og Flekkefjorden i dag tidleg

Panorama

Ein selfie må til

Holmedal 131019

I dag tidleg køyrde eg til Holmedal og gjekk oppom Bakkefjellet. Her er det no ny fjelltrimpost. Det var ein nydeleg morgon. Med litt frost både på bilruta og på fjellet. Og det låg skodde inn Dalsfjorden og Flekkefjorden. Men så snart sola fekk tak forsvann skodda som "dogg for sol". 

Eg var første mann som parkerte ved vassverket. Men når eg kom ned igjen var det kome ein drøss med bilar på plassen. I det fantastiske vèret var det ikkje så rart. Vassverket i Holmedal er jo elles startpunkt for turar til Dokka, Moldura og dagsturhytta ved Nyksvatnet. Og fleire kjenningar var på veg oppover til Bakkefjellet og Bakkestølen då eg var på veg ned igjen. Ja, det var reint folksamt i Holmedalsfjella i dag. Supersøndag kan ein nesten seie. 


Tjukt av bilar ved vassverket i Holmedal i dag





Ingen kommentarer: