torsdag 12. januar 2023

Liv i bakkane

Utegangarane på Stavenesodden -
toppen på Høgeheia oppe i bildet

Litt rotete sjø vest ved Smelvær

Holevika i dag

Det var liv i bakkane i dag... Vest for toppen av Høgeheia traff eg på utegangar-sauene som går her ute. Som meg så kvapp vel dei litt òg. Rett ovanfor den lange motabakken. Eg fekk nappa opp mobilen og fekk eit knips av dei. Før dei stakk sørover bakkane. Noko nærare helsing stod visst ikkje på programmet...😊 

Elles var det fint og opplett i dag. Ikkje noko vind å snakke om heller. Då var det verre i går. Ingen fjelltur då.  

Ingen kommentarer: