På Dovrefjell - teke i "farta"
Vi var i bryllaup og feira Olve Andreas og Karin på Å i Meldal i helga. Eg er onkel til Olve Andreas. Bilda frå dette er sjølvsagt av privat karakter og blir ikkje publiserte her. Men eg tek med nokre andre bilder eg tok.
Å - med det kortet namnet - var ein koseleg liten plass - ein times køyretid sør for Trondheim. Prega av relativt store gardar og flater. Det er her oppe brureparet har slått seg til. Frå plassen brura kjem. Sjølv har eg aldri vore her før.
Elles er det jo langt opp hit. Over 7 timar i bil kvar veg. Vi køyrde over Strynefjellet og Dovrefjell fram og tilbake. Broder Sillan, Tone, Olaug og eg. Haustleg og flott over fjellovergangane.
Vi hadde det veldig triveleg i lag. Heile helga sidan ein hadde teke seg fri fredag. I lag med fleire andre i familien budde vi i eit fiskarhus. Om sommaren utleigd til laksefiskarar i Orkla-vassdraget. Denne helga med fyr i omnen og stearinlys fredagskvelden. Og oppfyring i omnen tidleg søndag før heimreise.... Kjekt!
P.S. Og la det vere sagt - alle korona hensyn i bryllaupet var godkjende og tekne vare på. Slutt klokka 01.00 lørdag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar