onsdag 23. september 2020

To på nordsida

Harald og Bjørn på tur i ettermiddag

Selfie på Blåfjellet. Heilt bakerst Toreheia t.v. og Skålefjellet t.h.

Solnedgangen på veg sørover no...

Deler av ruta på Blåfjellet. Mangevatna t.v.

Hytta ved Svartevatnet

Ved Svartevatnet i kveld

I dag vart det like godt to turar. På Høgeheia til frukost i delvis regn, og ein tur på Blåfjellet i Grimelia etter middag. 

Utegangarane på Høgeheia skal snart sankast. I dag gjekk dei nesten heilt vest ved Furefjellet. Dei kvite dottane lett avslørde i det haustbrune landskapet utan tre. Elles var det ganske vått og ein del gjørme i dag. Så det vart berre rett opp og ned. Furefjellet kutta eg ut. 

I ettermiddag letta vèret opp ein heil del. Sidan det av ymse grunnar neppe blir fjelltur i morgon og på fredag, gjekk eg ein tur på Blåfjellet i Grimelia òg. Frå 11. oktober er toppen ny trimpost på fjelltrimmen til AHIL.

Nedanfor Rinda traff eg først på to jenter som eg reknar med hadde vore på TiTur posten på Skylefjellet. Deretter gjekk eg på naboane Harald og Bjørn. Så eg slo av ein prat med dei. Harald på veg opp og Bjørn på veg ned. Vi kom inn på vindturbinane på Guleslettene som hadde dukka opp som eit framandelement i horisonten i nord. Men let det vere med å utdjupe dette noko nærmare...

Elles flott tur utover mot Blåfjellet. Gull i gull i låg haustsol. Og nesten heilt vindstille. Perfekt kveldstur. Det blir nydeleg å gå denne ruta i haust når trimposten kjem opp. 

Foto Blåfjellet (Grimelia) 230920 

Ingen kommentarer: