onsdag 16. september 2020

Eitrenipa & Eitrenipa rundt

Skorvemarka med Markavatnet og Øyravatnet

Motiv ved Leknesvatna - 
Kringlefjellet, Rørvikenipa, Blegja og Synste Stauren i bakgrunnen

Dale og Øvre Fossedal

Panorama - Flott utsikt frå Eitrenipa (du kan laste ned bildet og zoome det opp for detaljar)

ds

Mange særeigne og gamle fjellfuru på strekninga aust for Krokavatnet - 

Parti frå ruta aust for Krokavatnet mot Svortevikstølen

I dag gjekk eg den fantastiske turen frå Skorvemarka til Leknesvatna og vidare opp på Eitrenipa. Ein tur eg er veldig glad i. Det er nemleg nydeleg terreng når du kjem opp over den flotte Eitrefossen og vidare austover. Sjølve oppstigninga til toppen er ganske bratt, men grei når det ikkje ligg snø og is. Eit lite parti er litt luftig mot vest.... Returen gjekk eg via skåra på sørsida og ned i Eitreskaret. Nett nedanfor den gamle geitefloren ovanfor Øvre Fossedalen tok eg så nordover og gjekk austsida av Krokavatnet til Svortevikstølen (Krokvasstølen) og ned til parkeringsplassen ved kraftstasjonen ved Markavatnet (sjå gps-bilde). 

Det har regna i bøtter og spann i det siste. I natt må det ha kome ned mykje òg. Eg veit knapt om eg har sett at både Bjørnastigvatnet, Leknesvatna, Markavatnet og Øyravatnet var så fulle at det rann vatn heilt frå øvste fjellet og til fjorden. Vatna er som kjent regulerte, men no smekk fulle! 

Stor vassføring ut av Leknesvatna i dag

Eitrefossen

Vatn, væte og myr var det elles overalt i terrenget òg. Så turen i dag vart vel heller av det tunge slaget. Litt overdrive gjekk det med 5 timar i sugande myr! Men du verden - jammen heldt ikkje dei nye Lowa skoa mine meg tørre på føtene i dag òg. Heilt fantastisk!

Elles er ruta frå Markavatnet og innover nordsida av Leknesvatna og til toppen bra merka med vardar. Verdt å merke seg er at ned Eitreskaret er det ganske krevjande no når det er så tilvakse med vegetasjon. Noko bratt, steinete og sleipt er her òg. Og vondt å sjå kvar ein set foten. Her må ein vere på allerten så ein ikkje dett eller trakkar skeivt. Partiet nordover på austsida av Krokavatnet var også veldig vått i dag. Faktisk mesteparten av vegen. Her er det heller ikkje sti, men gode hjortetrakk å følgje. Retningen til Svortevikstølen seier seg sjølv. Turen vil eg vel karakterisere som krevjande. 


 Kringlefjellet, Rørvikenipa, Blegja, Synste Stauren, Blåegga, Storehesten og Skålefjellet (Gaular)

Turbeskrivelsen til toppen la eg inn på ut.no ein gong i tida med eit par bilder (sjå link - bilda er forøvrig mine). Returen nordover er dessutan fantastisk flott med den nydelege utsikta til Fossedalshengenipa, Nordre og Søndre Kringla og lenger nord også til Eitrenipa. Fint å sjå tilbake på der du har vore. Her er elles veldig mange flotte fjellfuru langs vegen. Truleg eldgamle og med fantastiske former mange av dei. I dag stråla landskapen elles i gull.

Fossededalshengenipa

Eit par små pausar undervegs i dag. Ved den gamle geitefloren nord for Øvre Fossedalen og ved Kallhellaren og Kallhellarbukta ved Svortevikstølen. Vèret delvis skya og noko trekk frå nord. Suveren tur! 

Ein liten pause ved murane til den gamle geitefjøsen nord for Øvre Fossedalen

Ruta på Eitrenipa og rundt i dag - tid i bevegelse 4.37 timar

Nokre stadnamn i Fossedalen - klipp frå Fylkesatlas

Foto Eitrenipa & Eitrenipa rundt 160920 

Ingen kommentarer: