tirsdag 9. juli 2019

Skoddehjelp

Ny måling




Direkte frå Toreheia i stad

Mobilfotos Toreheia 090719

Som eg nemnde i bloggen i går ville eg remerke ruta til Toreheia. Så eg gjekk opp igjen i dag tidleg. I sekken hadde eg med meg både måling og nye pinnar. No er ruta via Krikavatnet blitt veldig bra. Både med vardar påført måling og nye pinnar med måling. Heile vegen opp. Dette skal vere til god hjelp når skodda sig på. Den kjem brennande fort inn frå havet slike dagar som i dag. 

Ny merking opp dalen


Den andre vegen via Yndestadhøgeheia i sør treng òg ei lita oppfrisking. Det vart ikkje i dag, så denne ruta får eg gå over ein annan dag. Dessutan skulle det ha vore merka ut att til Skylefjellet på nordsida. Det er fantastisk flott å gå denne ruta via Mangevtna òg. Den biten får eg òg ta ved høve. Det viktigaste er uansett å ha ei godt merka rute opp og ned om skodda blir tjukk som graut. Og som med all merking - det aller aller viktigaste er vedlikehaldet. 

Ingen kommentarer: