torsdag 11. juli 2019

Skoddehjelp 3

Mangevatna ligg som diamantar på ruta til Skylefjellet
Direkte


Eitt av dei flottaste og enklaste fjella å gå på i området er Skylefjellet i Stongfjorden. Ruta startar frå vegen på Yndestad med eige skilt i vegkanten. Turen er del av Kystarven sine turar. Og om du skal på tur med ungar er absolutt dette fjellet å anbefale. 

I dag gjekk eg difor over denne ruta. Spesielt ovanfor hyttene ved Svartevatnet var det behov for ei remerking. Det er no komne på plass nye vardar med måling. Pinnar som var nedrivne er sette på plass igjen så ruta har fått ei bra ansiktsløftning. Som skrive før - skodda kjem fort. Ja til og med her oppe kan den ha sine utfordringar. Spesielt om du ikkje er kjend. 

Ingen kommentarer: