lørdag 26. desember 2020

Høgdepunkt 2020


Eg har brukt morgontimane på å lage ein årskavalkade av turbilder for 2020. Det spesielle året. Det året mange sikkert vil kalle "det verste i manns minne".... Med stort sett to nyhende kvar dag - korona og Trump! Vel - etter å ha sett igjennom ein drøss med bilder, kan eg for min del seie at året har vore heilt topp! Første året som heiltids-pensjonist. Men også det året eg ikkje fekk reise slik eg ville. Største saknet har heilt klårt vore varmen og slaraffenlivet ved Middelhavet!

No har eg sjølvsagt teke mange bilder av meir privat art òg. Bilder som ikkje ligg på denne bildefilmen. Familiebilder med ungar og ungdommar er eit minefelt å legge ut offentleg. Det er eg blitt ganske så varsam med. Sjølv om det sikkert ligg mange bilder av rein "historisk art" på bloggen min. Men desse høyrer no ein gong fortida til. Og løyve gitt i si tid. Ungdommane "mine" dette måtte gjelde, gjer nok aldri eit djupdykk inn i bloggen min heller.... Og om den tid skulle komme tek dei seg sikkert ikkje så høgtideleg likevel 😄.

Kva 2021 måtte bringe blir eit kapittel for seg. Nokon dommedagsprofet er ikkje eg. Slikt forbrukar altfor mykje energi og krefter. Eg vèl heller å vere optimist -  suiten på Kreta til sommaren er allereie bestilt. 

Eg skal prøve å halde (tur)bloggen min levande i det nye året òg. Eg går litt på fjelltrimpostane som ligg ute. Og det ventar nye TiTur Dalsfjorden toppar. Elles vil eg nok berre late humla suse. 

Som avslutning eit dikt frå LysandeStemningar - poesi-bloggen min. Eg har kalla det for "Livet som fant" Men kunne sikkert ha døypte det for "Late humla suse" òg...😊 Så Godt Nytt År til alle som er innom bloggen min. 

"Livet som fant"

Huset mitt bles seg på skakke
det bles gjennom vegger og tak
Men eg kan Vår Herre han takke
for sikta er slett inga sak

Åleine eg sit her i hòla
Fann lukka i ringaste ly
Lèt andre i byen få skråla
Eg nynnar mi glede i sky

Når sola går ned ut i havet
til skrattande ryper og trall
 Eg smiler av jordiske kavet
i riket til himmelens hall

I dagning meg solstrålar gyller
dei skattar mitt auge so gildt
So livlege tonar meg fyller
av flammande dagar so snilt

Ja livet som fant er ei lukke
i randa eg visdomen fekk
Om regnet frå taket mon klukke
 og vegger er aldri so lekk

Kan hende ei jente hit vankar
so vakker ein dag fram om meg
Og kjærleik på døra mi bankar
i gleda av nygådde steg

Tekst og foto 
G.Skaar

 



Ingen kommentarer: