søndag 6. desember 2020

Reint sakralt

Soloppgang ved Fossedalshengenipa og Fløyen. 
Foto frå Markahengenipa
 
Ein usminka selfie må til 

Morgon på Markahengenipa
Vi ser Blegja, Eitrenipa, Storehesten, N&S Kringla og Fossedalshengenipa

Det regna godt i grålysninga i dag tidleg då eg reiste opp i Skorvemarka for ein tur på Markahengenipa. Men regnet gav seg etter ei liten halvtime. Oppe ved Krokavatnet. Og då var det som om alle "herrens englar" åpenbara seg på himmelen i sør. Ja, etter nokre minuttar, på veg ut ryggen på Markahengennipa, sto sola opp ved Fossedalshengenipa. Ei reint salig stund då vidsynet opna seg mot fjellheimen i vest, aust og nord saman med soloppgangen. Det er slike stunder - akkurat der og då - ein kjenner kor godt livet er. Då treng ein verken kunstige hjarte eller kunstige lys. Desember slik naturen har skapt den. Samtidig - i slike intense stunder - renn det ofte på ein slags melankoli òg. Åleine - og så tett på meg sjølv - det varer ikkje evig. Til sist tek naturen alt til seg. Ein blir til eitt. 

I dag var det elles veldig glatt opp ura og over berga, både nedanfor og ovanfor Krokavatnet. Heilt ispolert på steinar og hamrar. Absolutt behov for broddar i dag. Noko anna var risikosport. Mange plassar kan ein trakke utom is og islagde steinar, men ikkje alltid. Som nede i ura og dei skrånande hamrane lenger oppe. Ovanfor her var det snø. Så her var forholda mykje betre. Og ut over sjølve ryggen var det heilt piano.... Sjølv om det var litt kaldare i vinden. 

Ut ryggen på Markahengenipa i dag tidleg

Elles gjekk turen opp og ned same vegen. I dag den merka stien som tek av ved Fossedalshengenipa. Nydeleg morgontur!

 Mobil foto/video Markahengenipa 061220  

Ingen kommentarer: