tirsdag 1. desember 2020

I Gullkista heime

På Toreheia i dag sett mot sør

Med dei flotte vèrmeldingane som var for dagen i dag, valde eg å gå opp på fjellet her heime. No har det gått ei stund sidan eg har vore på mitt kjære Toreheia, så eg ville opp hit først. Deretter ta ruta vest til Skylefjellet og Blåfjellet. Med retur aust igjen på sørsida av Mangevatna og heim. Og for ein dag det vart!

Eg starta før det var skikkeleg lyst. Det var mørkt gjennom granfeltet. Men lysna gradvis oppover. Elles var det ganske glatt etter at alt regnet i går og ei minusgrad eller to i natt. Spesielt steinane var glatte. 

Ved Rinda dukka ein fantastisk fullmåne opp i vest. Og ved Litlevatnet lysna det skikkeleg. Her er det flott utsikt mot Moldura i sør. Litt kjøleg morgontrekk var det oppover ranane mot Krikavatna. Nydelege fargar på vestahimmelen og mot øyane i Florø.  Ja, det var eineståande morgon. 1.desember morgon.

Månen dukka opp....

Det lysnar av dag ved Litlevatnet

Nydeleg morgon ved Litlevatnet og Svartevatnet

Fullmåne over øyane i Florø
Mangevatna t.v. Skylefjellet t.h.

Eg var litt spent på kor høgt eg kom før eg fekk sjå første sola. Eg nådde  ikkje heilt opp på toppen. Men omlag på høgde med Yndestadhøgeheia dukka ho opp over Skålefjellet i sør. Det var ein magisk augneblink. Og litt stilig at det var 1.desember. 

Soloppgang over Skålefjellet i dag,
klokka er 10.02

På Toreheia sett mot aust.
Vi ser Blegja og perleradene med Niper.


Fantastisk på Toreheia i dag

Etter å ha teke ein video og nokre bilder, gjekk eg så vidare vestover og ned fjellet på nordsida av Krikavatna og til Skylefjellet. Ei slags standardrute eg ofte tek. Elles er det sjølvsagt fint å gå sørsida til Yndestadhøgeheia òg. Då får du med deg utsikta til sjølve Stongfjorden. Denne ruta er merka. I dag var eg likevel interessert i å ta med meg Blåfjellet på same turen. Sikkert kjent for fleire som fjelltrimpost....😉 

På Skylefjellet har det vore mykje folk i år. Sidan det var post på TiTur Dalsfjorden. Men etter at registreringa var slutt 1.oktober har det vore mindre. Det kunne eg sjå av trimboka som ligg her. Synd egentleg. Fjellet er fantastisk å gå på heile året. Så her er det berre å ta turen for alle. 

Skylefjellet i dag

Siste delen på ruta vestover gjekk langs nordsida av Mangevatna til Blåfjellet. Eit flott og lett parti å gå. Litt knausar og litt vasspyttar. Men relativt flatt. Og som på resten av ruta frå Toreheia er det nydeleg utsikt til Florøkanten og Stavenesodden, Alden og Atløyna. Spegla i haustfargar og nydeleg solskin. Og med litt morgonskodde innover Førdefjorden.

Ved Blåfjellet

Frå Blåfjellet går så stien inn på sørsida av Mangevatna. Over "Dei tre bukkene bruse" og koblar seg deretter på "Skylefjellsruta".

Ved Mangevatna.
Toreheia midt i bildet bak.
Ruta til Skylefjellet ned fjellet t.v.
ruta over Yndestadhøgeheia t.h.

Skylefjellet

Nesten heime igjen...

Ved Rinda traff eg det første levande eg hadde sett for dagen. Naboen Kjell. Som var på veg på Blåfjellet. Vi vart ståande å prate der ei stund i det flotte vèret. Og som eg sa til han før vi vende nasen kvar vår veg - det beste eg veit etter ein fantastisk fjelltur og på veg heim igjen, er å minne meg sjølv på alle dei flotte bilda som ligg i minnebrikka i kameraet. Bilder i dag frå Gullkista heime. 

 Foto Toreheia Skylefjellet Blåfjellet m.m. 011220

Og så var det kveld....



Ingen kommentarer: