lørdag 5. desember 2020

Tre kompisar til møtes....

Dokka sett frå oppstigninga til Kalderasnipa

Super morgontur til Vikastølen og opp Grønene til Kalderasnipa i dag. Vidare der i frå til Dokka. Retur ned att til "vegskiftet" til Vikastølen. Og til vassverket i Holmedal.

Snøen låg ganske høgt oppe. Nesten på toppen av Grønene. Her hadde det vore opp folk i går så det var trakka spor. Alltid kjekt det. No låg det ikkje allverda med snø då. 15 cm kanskje. Somme plassar var det fonna seg til. Klokka var 10 på toppen.

Frå Kalderasnipa til Dokka var det naturleg nok ikkje spor. Men det gjekk heilt fint for det. Blir litt kryssing att og fram for å unngå djupaste snøen. Så toppa heilt greitt ut her òg. 

Dokka sett frå Kalderasnipa i dag

Dokka

ds

Vermessig var det flott. Og ei låg og litt dimma desembersol stod over Straumsneset ved Dalsfjorden. I vest og nord var himmelen mørkeblå.

Frå Dokka såg eg to personar komme opp bakkane. Det viste seg å vere to kompisar av meg frå Dale. Rolf og Sigmund. Vi hadde oss ein prat der i bakken. Kjekt. Tre dalingar på Dokka-tur....

Dalingar med korona-avstand på Dokka i dag...

Snutt frå Dokka

Elles var det bra med bilar ved vassverket då eg kom ned igjen. Flott av folk nytta det gode vèret til å kome seg ut på tur. Det har jo ikkje vore for mykje av det i det siste. 

Foto Kalderasnipa Dokka 051220


Ingen kommentarer: