fredag 4. desember 2020

Trimmarar i juletrepynt






Etter eit par dagar med oppdrag i Førde, gjekk eg i dag ein fin tur oppom fjelltrimposten på Smørkletten igjen. 

Som fleire gonger før var det barnehageungar på tur langs Presteelva og oppover i Prestemarka. Flott å sjå. Elles er det blitt pynta med julepynt i fleire tre oppover. Koseleg.

Stien er tørka bra opp i bakkane mot toppen. Litt snø øvst oppe. I dag opplett og faktisk sol på veg ned igjen. 

Traff elles på eit par, tre andre trimmarar med sosialisering i bakkane. Kjekt.  


Ingen kommentarer: