tirsdag 29. desember 2020

Glaserte hamrar og sva

Damemøte på glaserte hamrar og sva.....

I dag gjekk morgonturen opp igjen i Skorvemarka. For ein ny tur på Markahengenipa. I første omgang. For eg hadde teke med meg bra med klede og utstyr "hvis eg skulle finne på noko meir". Eg har nemleg veldig lyst på ein vintertur oppom ein eller to av toppane her, og vidare gjennom Fossedalen til Dale. Men då vil eg ha fint vèr. I dag var vel vèret heilt greitt. Opplett, rundt null grader og lite vind. Men det vart med at eg gjekk på Fossedalshengenipa etter å ha vore på Markahengenipa. Fossedalen får vere til eit betre høve. Til sol og betre lys.

Morgonstemning i Vågane i dag tidleg

Forholda var elles som de ser i headinga. Spesielt i skråhamrane ovanfor og nedanfor Krokavatnet var det ein god del is. Lenger oppe meir snø. Relativt hard. Heilt greitt ut høgdene til Markahengenipa (men det er jo vinter då...😊). Spora ut frå hin dagen viste framleis godt. 

Del av partiet ut mot toppen

Eg skifta klede på overkroppen ved "Brothers in Arms" steinane på veg tilbake. Gjekk så ned att til starten av ryggen opp på Fossedalshengenipa. Sette att sekken her og klauv opp den relativt bratte stigninga til toppen. Oppover var det ganske hard snø og is. Med broddar under skoa gjekk det heilt fint. Litt bilder og ein videosnutt på toppen før returen ned same vegen. 

Panorama Markahengenipa.
Fossedalshengenipa t.v.


Utsikt mot aust frå Fossedalshengenipa

Selfie Fossedalshengenipa

Ovanfor Krokavatnet møtte eg så Britt Hansen på veg oppover. Åleine. På glaserte hamrar og sva. Vel - kan eg gå åleine, kan vel Britt òg. Sjølv i vinterfjella.Verre er no ikkje det. Blir det for gale er det uansett inga skam å snu. Det er no kanskje beste fjellvètregelen av dei alle. Knytt godt opp mot eins eige personlege ansvar for vè og vèl. Vi slo av nokre ord. Britt og eg. Før vi ynskte kvarandre god tur vidare og godt nytt år. 

Utsikt mot søraust til Øvre Fossedal, Nordre og Søndre Kringla.

Siste stykket ned igjen til bilen gjekk heilt fint òg. Med tanken godt framme i panna at det alltid er på siste biten ein glir og skadar seg. Når ein er litt trøtt i kroppen, slappar av, og har tankane på heilt andre ting enn urane og dei frosne bakkane. På tur i vinterfjellet gjeld det absolutt meir enn nokon gong å vere bevisst kvar ein set føtene.   

Tilbake ved Grunnevatnet i Skorvemarka

Foto Markahengenipa Fossedalshengenipa 291220 

Ingen kommentarer: