tirsdag 8. desember 2020

Julestemning i skog og på fjell

Kveldshimmel heime etter solnedgang i ettermiddag - kl 15.37


Vigdis og Grete har pynta ved stien til Smørkletten

Julekulene skin fint her....

ds

Pynta av barnehagen

ds


Velkomen på juletur....

Ei fin påminning ved Presteelva

Etter ein time hjå Fredrik fysioterapeut gjekk eg turen oppom fjelltrimposten på Smørkletten i dag tidleg. Det var fleire plussgrader i lufta. Ja nesten rein fønvind opp dalen. Ved stien oppover stod det eine juletreet etter det andre flott pynta med funklande, skinande julekuler av Grete og Vigdis. Kjekt. Etterkvart så skein også desemberlyset opp frå sør. Og oppe i bakkane mot toppen, keik sola fram over toppen på Fristadfjellet. Heilt nydeleg! 

Sola kik fram over Fristadfjellet

Elles var det tørka veldig bra opp i marka. Frosten og isen var smelta. Nede i sjølve dalen var det òg tørrare enn det har vore på lenge. Vi får håpe at bløyta i november heldt seg til november....

På veg til Askvoll igjen traff eg kjentfolk. Så det vart tre stopp med sosialisering. Fint å slå av nokre ord med andre i desse tider òg...

No var det egentleg ganske tidleg på dag då eg kom ned igjen. Og på veg i bilen heim bestemte eg meg for å ta med meg fjelltrimposten på Grimelia òg. Vèret var altfor flott til å krype i hus att...! Som sagt så gjort.

Panorama Blåfjellet

Her ute har Anita og Dag Tore pynta ei flott furu ved stien oppe ved gruvene. Koseleg! Opp denne ruta er det tørka veldig bra opp òg. Elles reknar eg med det er Dag Tore som har klipt ein del einer sidan sist eg gjekk denne ruta. Flott. 

Anita og Dag Tore har pynta ved gruvene i Grimelia

Smørkletten midt i bildet - foto Blåfjellet i Grimelia i dag

"Brothers in arms" ved Blåfjellet

Foto Smørkletten Blåfjellet (Grimelia) 081220 



Ingen kommentarer: