torsdag 10. desember 2020

Desember pastell

Eg traff Elin og hundane ved Vikastølen i dag

Panorama frå Kalderasnipa mot fjellrekkja på Askvoll-halvøya

Panorama frå Dokka mot Kalderasnipa t.v. og Moldura mot høgre

Dagens selfie med sjølvutløysing

Fine pastell-fargar på vinterhimmelen på turen til Kalderasnipa og Dokka i dag tidleg. Flott tur opp Grønene frå Vikastølen. Det ligg litt snø på høgste toppane. Men elles ganske tørt opp bakkane. Noko søraust trekk i høgda. 

Eg lurte på å gå ned att ranen frå Dokka, men det var såpass isete at eg heller valde å gå øvste delen av Dokka-ruta som går via Nyksvatnet. Tok så av i "krysset" som går ned att Grønene og den vegen.

Aust om Vikastølen var det nokon som brende bråte. Det rauk godt med god fyr (sjå bildelink). Og rett nedom der traff eg på Elin Hestvik på veg oppover. Vi slo av ein god prat. Det er kjekt å møte Elin og hundane! 

Flott og grei tur. I tillegg ser vèrmeldingane framover bra ut! Vi har fortent det etter ein sur og våt november.


Foto Kalderasnipa Dokka 101220 

Video Dokka 

Ingen kommentarer: