torsdag 31. desember 2020

Godt nytt år til 3 fjelltrimbøker

Soloppgang på Toreheia 31/12

ds

I dag gjekk turen heime i frå med hovudlykt i 08-tida. Mål -  soloppgang på Toreheia. Fint å få siste turen i 2020 opp hit. Trur vel neppe det er andre fjell eg har vore like mykje på som Toreheia. Kanskje Skylefjellet. Dei er i grunn heimefjella "mine". 

Ein flott fullmåne møtte meg ovanfor Rinda. Som måtte forevigast i farten. Og ved Svartevatnet, og det første bildet for dagen, plukka eg av meg hovudlykta. Diverre forsvann månen meir eller mindre i skyer like etterpå. Men dukka såvidt opp igjen då eg nådde opp til Krikavatna. 

Bakkane var i dag tidleg harde av frost. Vasspyttar og væte islagde. Men å gå over Krikavatna torde eg ikkje. Her har eg som kjent hatt meg ein kald dukkert før.... Lenger oppe i bakkane låg det snø. Delvis som flatbrød-konsistens. Men heilt oppe ved toppen var det skare og is. 

Ein slik kjempe soloppgang vart det ikkje. Det låg nokre skyer i sør som dekka himmelen når sola kom opp over Skålefjellet rett før klokka 10. Men det klårna litt opp nokre minuttar seinare. 

Turen gjekk så vidare bort og ned den vanlege ruta på vestsida av fjellet. Ned til nordenden av Krikavatna. Deretter vest til Skylefjellet. Heilt greitt. Flott sol over Florø-landet og fjellknausane rundt meg. Mindre så med vindturbinar i morgonsol på Guleslettene. 

Partiet vest for toppen av Toreheia.
Vi ser Skylefjellet og Blåfjellet midt i bildet.

ds
Moldura t.h.

Etter Skylefjellet gjekk så ruta vidare til Blåfjellet. Måtte jo ha med meg fjelltrimposten her. Som vanleg. Det er jo kjempefint å gå denne vegen mot vest med utsikt til horisonten, øyane og havet. Og Florø. Frå Blåfjellet gjekk så turen austover på sørsida av Mangevatna, og så ned igjen til Svartevatnet og heim. 

Skylefjellet

Blåfjellet

Kjempeflott avslutning av fjelltrimåret 2020. Så då tek eg med meg forma og lysta på meir fjelltrim inn i 2021. Og håpar at bloggen med bilder og anna kan motivere andre til ei aktiv fritid. Med desse orda ynskjer eg alle som er innom turbloggen min eit Godt Nytt År.        

Video frå soloppgang på Toreheia 31/12

Foto Toreheia Skylefjellet Blåfjellet 311220


Ingen kommentarer: