onsdag 10. november 2021

Annus horribilis

Den kjære utsikta må vente på meg nokre dagar no

 

Turbinane på Guleslettene frå Kvamsnipa forrige søndag

Alt var som normalt. Ein flott tur på Kvamsnipa var unnagjort. Inntil siste berget 2 minutt før vegen i Skorvemarka. Kva eg tenkte på der og då veit eg ikkje. Iallefall forsvann føtene unna meg. Langflat bakover. Ikkje noko nytt i det då. Berre at denne gongen stod venstre handleddet i feil vinkel då eg såg etter. Handa eg hadde teke meg for. I den tiendedelen av eit sekund skjønte eg at det var alvorleg. Og no sit eg her med gips og ventar på operasjon. Dei er overbelasta på sjukehuset, så det tek nokre dagar. 

Til Førde kom eg meg iallefall med verdas hyggelegaste ambulansefolk. Den eine stamma visst frå Dale må vite. Så dei som lurer på kvifor det stod ein ambulanse ved Gjelsvik skule søndags føremiddagen, så var det altså meg dei plukka opp. Det var visst ikkje heilt forsvarleg å køyre lenger...

Så slik er det. Annus horribilis. Eg trudde ikkje det kunne bli verre i år... (dei som kjenner meg veit vel kva eg snakkar om). Det er jammen godt vi har verdas beste helsevesen. Eg får seie som onkel Herbjørn sa "går det så går det. går det ikkje så går det òg...

Ingen kommentarer: