Snø og slapsjogg
Eg la om joggeruta mi i dag. Det låg så mykje snø og slaps oppover til demma og Osland at det heilt sikkert var glatt i joggesko. Så eg jogga til Størdalen og heim igjen i staden. I yr, slaps og motavind. Ja, motavind både ut på sørsida og ut på nordsida av fjorden. Rimeleg tungt. Men dessto meir guts i det. Herlig!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar