Med Olaug og "berre ein hund" |
Steiestølen- Storehesten i bakgrunnen |
Myklebuststølen (2017) - på ruta til Taket |
Ja, så skal vi på Taket igjen. Ikkje her heime. Men på Steiestølen i Dale. Nok ein post på TiTur Dalsfjorden til våren. Tidlegare i veka har eg skrive om Yndestadhøgeheia, Fossedalsvatnet og Skålefjell som postar. I tillegg til desse, og Taket, vert det 6 andre postar på begge sider av fjorden. Dette vert spanande og kjekt. Og ikkje minst sosialt😄
Sidan eg flytta til hi sida av Dalsfjorden, og vel så det, så er det ikkje så mykje eg har gått på Taket. Faktisk er det TiTuren som har gjort til at eg har bevega meg i Steiestøls-traktene i det heile siste åra. (Synd og skam). Det har no mest blitt turar på nordsida av fjorden. Men i barne og ungdomsåra gjekk eg ein heil del i fjella på Steiestølen. Både sommar som vinter. Spesielt om sommaren då eg og Nils Chr. fiska "overalt".... Gjerne ei veke kvar sommar. Med overnatting i telt. Veldig kjekke minne! Ein broten ankel på slalåmski oppe i Seciliebotn, var ikkje fullt så kjekt. Og som ei mare nokre overnattingar på Høyanger sjukehus. Med 3 månader i gips opp i lysken! Vel, vel. Nok om det..... 😯
Taket ligg med GPS, turbeskrivelse og kart på ut.no så det treng vel ikkje takast att her. Men eg fekk eit lettare sjokk då eg såg bilda frå sist eg var her - i 2017.... Eg får avslutte med dagens klisje - kor e åra blitt av 😄
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar