Motiv ved Skålefjell på Atløy |
Så blir det tur til Atløyna under TiTur i år òg. Så er sagt. Nærmare bestemt til Skålefjell. Herleg! Ja, for det er eit Skålefjell her òg. Som i Stongfjorden.
Eg har skrive fleire stykke der eg har skrytt av fjell og merking av turstiar på Atløyna. Her ligg det fleire linkar. Og her.
Elles ligg Skålefjell med kart og beskrivelse på ut.no Du kan frå høgda ved nedkøyringa til Herland. Det står skilt ved vegen. Eller du kan gå frå Eidet der det òg er skilta. Det finaste er sjølvsagt å gå opp den eine ruta og ned att den andre. Eineståande flotte begge rutene. Ytst her ute i havgapet. Og som sagt det er godt merka overalt. Applaus!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar