lørdag 13. september 2008
I rykk og napp
Opp ned versjon av brua i Prestegardsmarka
MMS frå under Kvamsnipa i dag tidleg (som ein kan sjå er det stor vassføring i elva frå Leknesvatna til Markavatnet. Dette er ikkje på grunn av regn, nei! Men skuldast at Bjønnastivatnet (usynleg) som ligg ovanfor Leknesvatna er regulert, og at ein slepp vatnet herifrå ned i Leknesvatna, der det renn vidare ned i Markavatnet som vi ser er regulert) Leknesvatna er "uregulerte"... Uskjønleg?
Diverre opplever eg stadig problem med bloggen min på www.blogger.com. Både til å få opna sida, og få legge inn bilder og tekst. Som tidlegare nemnt er det best om morgonen og nesten kul blitt om kvelden. Tele 2 har innrømma problem med denne web-sida, men kva som skjer og om det skjer noko, er verre å få svar på. Eg har gitt dei eit ultimatum om å få fiksa det snarast eller så skiftar eg til Telenor. (Sjølv om eg er blåøygd, ser eg vel at desse trusslane neppe betyr så mykje!) Det kan difor bli litt "hulter og bulter" med oppdateringane til dette blir fiksa. Men ikkje noko verre enn at i dag blir i går, og i morgon i dag.... Eller noko slikt... Ganske forvirrande likevel...
Eg var iallefall inn på Driveknolten etter jobb... i går blir det. Ein flott kveldstur i låg kveldssol. Lange flott skuggar og nydelege haustfargar. Klår luft. Turen gjekk heilt fint, men det bles bra austavind inne på toppen. Det vart fort kaldt i shortsen og den tynne ulltrøya. Oppe i fjellet er det ikkje mykje "tak" i sola lenger, så haustkleda må nok fram etterkvart.
Det er allereie begynt å bli litt mas med å nå inn på Heileberget i dagslys. Eg jobbar jo til kl 4 og er heime litt før kl 5. Så er det køyringa til Rivedal, og nå inn på fjellet og ned igjen før det blir mørkt. Det går endå. Men noko særleg tid til middag, eller nokre minutt på sofaen etterpå, er det ikkje. Hovudlykta har eg vel ikkje tenkt på å ta med endå. Er liksom ikkje heilt tida. Det er jo Indian Summer....
Eg tilbydde fruen i går kveld å gå på Blegja med Sissel. Dei drog i 8.30 tida. Peter fann fort kompisen sin Andreas tilgjengeleg i Grimelia, så eg køyrde han ut der. Så for min del stod det om å vaske bilen, nyte altanlivet etter litt indreteneste, eller ta ein kjapp fjelltur.... Er vel ikkje så store overraskinga at eg valde det siste. Eg køyrde difor i Skjerlia og sprang på Kvamsnipa først, og så Fristadfjellet i Askvoll etterpå. Det er egentleg så lite å seie om desse turane at eg ikkje seie noko. (Så kan eg nyte ettermiddagssola og avisa på altanen!) Turane gjekk heilt piano som vanleg. Leggen min er nesten heilt god igjen. Det siv (som legen)litt væske mellom stinga endå... og eg tek framleis pencellinen. Men eg vart ikkje frårådd å gå. Heilt utrulege greie for berre eit lite loppebet...
I morgon er det miniputt-turnering i Askvoll. Vi får sjå kva det blir tid til. Eg har ein plan. Men eg held den tett til brystet endå...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar